KURS :
MINIXPERTEN
_____________________________________________________________________________________
           
     
 

BLI MED PÅ DIALEKTDUGNAD !

Vi som står bak www.dialektxperten.no, vil gjerne kome i kontakt med skular som kan tenkje seg å vere med på å vidareutvikle e-læringsressursen.

Med dette inviterer vi til å vere med på ein dialektdugnad i Ivar Aasens ånd!

Alle elevproduksjonar vil bli lagt ut i eit eige kapittel. På nettstaden vil du finne døme på elevarbeid frå ulike delar av landet. Det aller meste av dette er særemnearbeid i norsk.

Som medprodusentar i dugnaden vil elevane få eit større læringsutbyte og forståing av emnet norsk talemål, og dei vil oppdage at språk og identitet heng saman.

Er du lærar i norsk og/eller mediefag og kan tenkje deg å la elevane dine få prøve seg som språkforskarar? Ta kontakt med oss så vil vi prøve å leggje til rette for eit spennande prosjekt/særemne-arbeid.

Ragna Marie Tørdal
Vennesla vg. skole
Ansvar for kursutvikling.
E-post: ragna.tordal@vaf.no
Telfon: 38 15 24 00
Oddvar Engan
Vennesla vg. skole
Norskfaglig ansvarlig
E-post: eoddvar@online.no
Telfon: 38 15 24 00

 

 

 
     
--Copyright :: Vennesla videregående skole | design :: Tom Knudsen
 
---------